Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Synspunkt: Boblande trendar under havoverflata

Havet er fullt av moglegheiter, og det krev samarbeid på tvers av næring, forvaltning og forsking for å sikre eit robust matsystem inn i framtida basert på det marine økosystemet.

Blue Legasea
IMG_20240303_154545.jpg

Havet har alltid vore ei rik kjelde til mat og ressursar for menneska. Frå dei djupe fjordane i Noreg til dei tropiske korallreva i Stillehavet har det utvikla seg unike preferansar og tradisjonar for kva vi haustar og serverer på bordet. Vågar vi å smake nytt og endre matvanane våre slik at vi betre tek vare på ressursane i havet?

«Klokskapen ligg i fjæra» var det ein nordnorsk kvalfangar som sa. Klokskap finst i enkle kvardagslege observasjonar og erfaringar i nærmiljøet, særleg i fjæra der hav møter land.

Fiskarar og kystbuarar har i generasjonar hausta frå havet og opparbeidd kunnskap om ver, vind, tidevatn og artar og korleis alt heng saman med alt.

Det er verdt å lytte til klokskapen og bygge vidare på den i hausting av nye og gamle artar for berekraftig forvaltning av dei marine ressursane.

Fattigmannskost eller delikatesse?

Kva bestemmer for kva vi opplever som delikatesse eller ekkelt å ete? For 300 år sidan blei hummar brukt som gjødsel på åkrane og mat for tukthusfangar.

Eit par hundreår seinare blei hummaren seld som billig hermetikkmat og opplevd som flaut å ha på nista.

Hummaren, som det i periodar var overflod av, var også kjent som åtseletar og derfor sett på som fattigmannskost. I våre dagar symboliserer hummaren luksus og blir servert på eksklusive restaurantar.

Breiflabben var så slimete og skremmande at folk ikkje ville ete den. Frå å bli kasta tilbake i havet eller nytta som agn, blir den no servert til fiffen.

Reisa som hummar og breiflabb har hatt er gode eksempel på korleis oppfatninga vår om mat kan endre seg over tid. Det får meg til å undre på kva som blir den neste trenden fra havet som vi kastar oss over.

Kinderegg!

«Den enes død, den annens brød» er eit uttrykk som passar godt til å skildre dynamikken i det marine økosystemet. Overflod av ein art kan føre til utrydding eller nedgong av ein annan art, og dermed skape ubalanse.

Kråkebollar er det i dag så stor overflod av at dei et ned store areal med tareskog. Det påverkar andre artar som er avhengige av tareskogen for ly og mat.

I Noreg serverer vi sjeldan kråkebolle, men i Japan og Frankrike er dette gourmetmat med ein kilopris som kan få ein Sunnmøring til å måpe. Hausting av kråkebollar kan gi næringsrike protein til verdas befolkning, beskytte tareskog og bidra til balanse i økosystemet, og vere god butikk.

Når vi no ser korleis kråkebollane er med på å øydelegge økosystemet i havet, og det er blitt fokus på å hauste kråkebollar for å verne tareskog, så er det viktig at vi også finn egna bruksområde for den ressursen kråkebollar er. Om det er mat, fôr, medisin, eller gjødsel.

Klokskapen i fjæra.jpg

Eit hav av moglegheiter?

Korleis vi oppfattar ulike ressursar i havet er prega av tilgong, tradisjon og kultur. Det som i vår kultur blir sett på som ei delikatesse kan i andre kulturar i beste fall bli nytta som agn. Og motsett.

Kråkebollar er eitt eksempel. Andre eksempel frå medlemmer i vår klynge er C Food Norway som eksporterer hermetiserte torskehovud og tørka svømmeblærer til Asia der dette er høgt verdsette luksusvarer.

Det blir forska mykje på nye og underutnytta artar som raudåte, algar, tunikat og blåskjel, og også bruk av restråstoff som fiskebein, oljer og krabbeskjell.

Forskingsprosjekta er oftast eit samarbeid mellom næring og forsking, klynger og teknologileverandørar. Dette er innovasjon som resulterer i nye produkt, produksjonsmetodar, teknologi og marknader.

Innovasjon som skal sikre oss viktige protein og næringsstoff inn i framtida, og også sikre arbeidsplassar i kystsamfunna.

Nye artar

På nyåret skal vi i NCE Blue Legasea saman med Møreforsking og Runde Forsking arrangere «Ressurskonferansen – et hav av muligheter?». Der skal vi løfte fram nye artar, produkt, forsking, samspel i økosystemet og kommersialisering av forretningsidear som bygger opp under berekraftig forvaltning i havet. Spørsmålsteiknet i tittelen på konferansen inviterer til refleksjonar om ressursane vi nyttar.

Havet er fullt av moglegheiter, og det krev samarbeid på tvers av næring, forvaltning og forsking for å sikre eit robust matsystem inn i framtida basert på det marine økosystemet.

Det krev også vilje og mot å navigere i «havet» av moglegheiter for å endre matvanar og teste nye marknader. La oss fortsette å leite etter skattar i fjæra og bygge på klokskapen der.


Katrine_bilde.jpg

 





Katrine Vestbøstad er prosjektleiar i NCE Blue Legasea.


Merk: Denne kronikken ble først publisert i Fiskeribladet

Bilder er private