Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Biokonferansen 2024 - Sirkulær omstilling i bionæringane

Bioparkkonferansen 2024 på Voss samla over 140 små og store aktørar til ein dag som bugna over av inspirerande historiar om berekraftige og kortreiste sirkulære matsystem.

Blue Legasea
voss damene.jpg

Kan vi bygge opp ein industripark utan å skape nye avfallsstraumar? 

Ein biopark kan definerast som ein industripark med stor materialstraum av ein biomasse. Det kan til dømes vere foredling av fisk, kjøtt, eller vegetabilske produkt, bryggeri eller mølle. Ein biopark kan også inkludere biogassanlegg, som Rå biopark (https://www.raa.bio/), Malm industripark, og Voss biopark som er under utvikling (https://www.resourcer.bio/nettverket/voss-biopark).

Industri-/bioparkane som vist til over har til felles at dei er bygga opp rundt samarbeid mellom fleire aktørar der (alle) materialstraumar går inn i nye kretsar hos kvarandre, med mål om å ikkje skape nye avfallstraumar. Industriell symbiose. I eksempelet frå Sotenäs i Sverige lærte vi om ein industriell symbiose som blei eit resultat av dialog med fiskeindustrien når krav om reinsing av prosessvatn blei innført (https://industrialsymbiosis.se/sotenas-sv.html). Sotenäs-symbiosen har 10-års jubileum og veks jamt. Den er ein attraktiv stad for etablering for nye verksemder. Likevel skjer ikkje dette av seg sjølv. Industrielle symbioser krev langsiktig og kontinuerleg relasjonsbygging og tillit – sosial symbiose, og Sotenäs kommune har tilsette symbioseutviklarar i kommunen for å vedlikehalde og vidareutvikle samarbeidet.

Når tankesettet om industrielle symbioser etablerer seg og bildet av materialstraumar blir tydelegare, kan også nye idear og nye samarbeid spire. Bitar som passar inn i verdikjeda. Dette blei på konferansen illustrert med innsektsproduksjon (Invertapro) som ei viktig brikke i næringsrik fôrproduksjon, oppfostra på matavfall, der innsektsavføring, frass, er næringsrik gjødsel. Oppsirkulering av matavfall (Ommat) er eit anna eksempel som fyller gapet mellom matavfall og bruk – sorterer, kvernar og vakuumerer til bruk i larveproduksjon eller ingrediens i matproduksjon. Kan storskala produksjon av mikroalgar bli ingrediens av protein og fettsyrer i fôr, oppfostra på CO2 og overskotsvarme frå industrien?

Relevans for den marine klynga

Vi trur at industrielle symbiosar er måten å utvikle industriparkar på framover. Dei marine klyngeverksemdene vil vere sentral i nye industrisamarbeid der overskotsressursar som prosessvatn, energi, avskjer, areal blir innsatsfaktorar og råvarer til verksemder i marin eller i andre sektorar. Det kan gje nye inntektsstraumar og reduserte kostnader. Knappe ressursar blir smart nytta.

Samarbeidsprosjektet ‘Land møter Hav’ som arbeider på tvers av dei fire nasjonale klyngene NCE Seafood Innovation, NCE Heidner Biocluster, NCE Blue Legasea og Biotech North, jobbar for å styrke arbeidet med innovasjon og industriutvikling på tvers av blå og grøn sektor. Prosjektet har særleg fokus på sirkulære forretningsmodellar, nye berekraftige fôringrediensar og betra ressursbruk og sidestraumar.

Som poengtert i eksempelet frå Sotenäs, så skjer ikkje industrielle samarbeid av seg sjølv. Vi i NCE Blue Legasea ser ei tydlegare rolle for oss som pådrivar og tilretteleggjar for å skape møteplassar der relasjonar blir bygga og idear gror fram, for så å fange opp ideane for vidareutvikling i samskaping.

elise på scena.jpg

Foto: Klosser Innovasjon

Biokonferansen 2024 var ein del av leveransen i EU-prosjektet HOOP Project og arrangert i samarbeid med Hardanger og Voss Næringshage AS, BIR, NCE Heidner Biocluster, NCE Seafood Innovation, Biotech North og NCE Blue Legasea. Programmet for konferansen finn ein her: https://vossadagane.no/bioparkkonferansen-2024/