Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Synspunkt: Fredagstankar frå vår assistent på fiskerimesse

For meg som er interessert i å lære meir om bedriftene, kan eg trygt seie at eg fekk fleire i prat på messa enn eg har fått gjennom å sende e-post frå stua mi.

Blue Legasea
sandra_fismemesse.png

Alle foto: Sandra Kyrkjebø

Bedriftsmesser og karrieremesser er viktige møteplassar både for bedriftene og for besøkande. Når utbytet frå slike dagar kan vere rike diskusjonar, møte med nye og kjente og kanskje til og med nye samarbeid, er det liten tvil om at det lønar seg å setje av ein dag eller to til dette. Som nyansett i Blue Legasea, og fersk i næringslivet, sit eg kanskje med ein ekstra dose nysgjerrigheit og er ivrig på å lære meir om kva som kan kome ut av bedriftsmesser. Eg har difor teke turen til fiskerimessa BlueFish EXPO på Sparebanken Møre Arena for å undersøke kva bedriftene, og eg, får ut av dagen.

Nysgjerrig på kva forventningar medlemma våre har til dagen, går eg opp til scena der første foredragsholder står og gjer seg klar. Der står Frode Blålid, administrativ leder for Nuas Technology. Eg introduserer meg, og fortel at eg vil ta litt bilder og kjem med nokre spørsmål i etterkant.

frodenuas.jpeg

Frode trekk fram at det er fint å kunne bidra til å skape diskusjon rundt bruk bruken av restråstoff frå fisk. Han leverte ein flott presentasjon om berekraftige ingrediensar og viktige verknadar, bl.a. korleis det kan bidra til meir robuste lokalsamfunn. Bruk Fisken! Slik starta presentasjonen. Han kjem heile vegen frå Rissa, Fosen for fiskerimessa for å treffe den marine og maritime næringa i Ålesund.

IMG_1971.jpeg

Klyngemedlemma Sparebanken Møre og Optimar held deretter svært lærerike og inspirerande presentasjonar. Cecilie Myrstad frå Sparebanken Møre snakkar om ESG og berekraftsrapportering, og kva som må til for å klargjere bedrifta for dette, eit aktuelt tema som omfattar alle bedrifter, og som er stort behov for. Viggo Breivik frå Optimar snakkar også om berekraft, og krydrar med både historie og visning av ny teknologi. Eg ser hurtig notatskriving frå salen undervegs, det er tydeleg at dette treff.

IMG_2004.jpeg

For meg som er interessert i å lære meir om bedriftene, kan eg trygt seie at eg fekk fleire i prat på messa enn eg har fått gjennom å sende e-post frå stua mi. Dette tenkte eg også den gangen eg var arbeidssøkande student på karrieremesser. Eg har sett rike diskusjonar, CV- og søknadsutveksling og til og med uformelle jobbintervju skje på slike messer tidlegare. Eit utvida nettverk har også hjelpt meg i mange samanhengar, kanskje har eg desse karrieremessene å takke for det? Eg undrar meg likevel over at det var færre besøkande enn eg førestilte meg, men for min del blei det berre enklare å kome til.

IMG_1948 _1_.jpeg

I tillegg til å skape diskusjon, er ei forventning til dagen at messa skal vere ein stad å finne nye samarbeidspartnarar. For Frode resulterte dagen i nokre nye kontaktar, og hyggeleg møte med «gamle», fortel han med eit smil.