Ytring: Har fiskeriet ei rolle i "Samfunnsoppdrag bærekraftig fôr?"
Når klimaendringar og geopolitisk uro trugar tilgangen på mat og råvarer, må vi sjå til eigne ressursar. Noreg har sett seg høge mål for bruk av norske råvarer i fôr til oppdrettsfisk og husdyr. Ressursar frå havet er ein nøkkel i å lykkast med dette.

Om vi ikkje har råvarer til fôrproduksjon, har vi heller ikkje fôr til oppdrettsfisk og husdyr. Foto: Adobe Stock
Har fiskeriet ei rolle i Samfunnsoppdrag bærekraftig fôr?
Det korte svaret er JA. Fiskeriet og havnæringa er ei nøkkelbrikke i matsystemet vårt, for å sikre sunn og næringsrik mat til folk, fisk og husdyr.
Robust matsystem?
Matsystema våre er sårbare. Klimaendringane og auke i ekstremvêr som tørke, flom og stormar kan påverke matproduksjon negativt. Temperaturstigning i havet endrar økosystemet; artar forsvinn og kvotar går ned.
Den geopolitiske situasjonen er meir usikker og uforutsigbar enn sidan andre verdskrig. Kvar morgon vaknar vi til nyheiter om nye åtak, tollmurar og handelskrig. Konfliktar og politisk ustabilitet kan forstyrre matforsyningskjeder og handel, og tilgang på naudsynte råvarer stoppar opp.
Noreg er avhengig av import av matvarer og råvarer til matproduksjon, og all usikkerheit i verda trugar robustheita i matsystemet.
Fôr - ein nøkkel til auka matberedskap
Fôrproduksjon er utsett. Om vi ikkje har råvarer til fôrproduksjon, har vi heller ikkje fôr til oppdrettsfisk og husdyr. Noko fiskeri- og havministeren viste til som vår «akilleshæl» i eit debattinnlegg i Fiskeribladet 20. februar i år. Kanskje vi i Noreg vil vere sjølvberga ei stund, men eksport av oppdrettsfisk vil bli hardt råka i mangel på fôrråvarer.
Noreg importerer store volum råstoff til fôr, både til oppdrettsfisk og husdyr. Totalt summerer det seg til rundt 2,5 milliardar tonn importerte råstoff årleg. I «Samfunnsoppdrag bærekraftig fôr» har Noreg satt seg eit ambisiøst mål om å auke norskdelen i kraftfôr til husdyr frå 55 til 70 prosent. I fôr til oppdrettsfisk skal norskdelen aukast frå dagens 8 til 25 prosent innan 2034 – det tilsvarar 600 tusen tonn nye råvarer.
Kvar skal 600 tusen tonn nye råvarer komme frå?
Denne utfordringa gir rom for nytenking og innovasjon.
På Ressurskonferansen som vi i NCE Blue Legasea var vertskap for i januar, lærte vi om algeproduksjon, tare og tunikat, insektproduksjon, kyllingmel, restråstoff frå lakseoppdrett. I tillegg har vi krabbeskjelsmel, raudåte, eggeskal, og fermeteringsprosessar basert på sidestraumar.
Vi er involvert i prosjektet BlueMusselFeed som utforskar blåskjel som fôringrediens til kyllingproduksjon. Årleg produksjon av blåskjel i Noreg ligg på rundt 2000-2500 tonn, primært til menneskemat. Potensiala for dyrking er opp mot 900 tusen tonn. I tillegg til at blåskjel inneheld verdifulle næringsstoff for både menneske, fisk og husdyr, så har blåskjel ei naturleg og viktig reinsefunksjon i havet. Dei veks av seg sjølv, og treng ingen gjødsel.
Kvar for seg kan desse nyskapingane verke ubetydelege, men «mange bekker små gjer ei stor å». Dette blir eit felles prosjekt, og derfor har regjeringa etablert eit samfunnsoppdrag der næring, forsking, verkemiddelapparat, og forvaltning, på tvers av grøn og blå næring, skal jobbe saman.
Mat OG fôr
Vi må ha to tankar i hovudet samstundes – mat OG fôr, det eine utelukkar ikkje det andre. Vi veit at der er store unytta ressursar frå fiskeriet i dag. Tall frå 2023 viser at rundt 130 tusen tonn marint restråstoff frå kvitfisknæringa ikkje er utnytta. Er dette ressursar på avveie som vi kan kanalisere inn i fôrproduksjon?
I eit prosjekt knytt til Gjøsund hamn i Giske kommune ser vi på kva som må til for å etablere ein landingsplass for marint restråstoff, og sikre vidareforedling både til mat, fôr, gjødsel og andre marknader. Ressursane er tilgjengelege, etterspurnaden er der. Råvara må takast til lands, og det må løne seg.
Kva vil laksen ete?
Biologisk så er ikkje fisk planteetarar. Ironisk nok er det likevel planteprotein i importert soya som oppdrettsfisken i stor grad får servert. Har dette påverka fiskehelsa? Forsking har vist at oppdrettsfisk som får større del marine protein i kosten har lågare dødelegheit og høgare superiordel.
Sjølv om oppdrettsfisken gjerne vil ete marine protein, så er det ikkje alt den har lov å ete. Det har å gjere med smittevern og kannibalismeforbod. Mattilsynet har lansert ein «Veiviser» for kva råstoff som kan nyttast i fôrproduksjon, og jobbar tett opp mot EU om justeringar i regelverket.
For å få til ønska endringar i regelverk må påverknader dokumenterast. Testresultat må leggast fram som bevis for at råstoff skal kunne nyttast utan konsekvensar for fiske- og dyrehelse. Også her kan næringa jobba samla for å få gjennomslag, som «Prosjekt: Fremtidsfôr» gjer i grøn næring.
Vinn – vinn
For norsk fiskeri er fôr ei moglegheit. Om det ikkje kan seiast at den er servert på eit sølvfat, så er næringa vant til å jobbe hardt for å få til det den vil.
Ei satsing som gagnar alle partar; Fiskeriet kan gjere ein forskjell og har ei rolle i å sikre robuste matsystem inn i framtida, for Noreg og verda. Ved å nytte sidestraumar og ressursar som elles ville gått til spille kan fôrmarknaden skape nye inntektsstraumar for fiskeriet i ei tid der kvotar går ned og marginar blir knappe.

Katrine Vestbøstad er prosjektleiar i NCE Blue Legasea. Foto: ÅKP
Kronikken er skrive av Katrine Vestbøstad, prosjektleiar i NCE Blue Legasea og var fyrst på trykk i Fiskeribladet 13.april: Har fiskeriet ei rolle i samfunnsoppdraget bærekraftig fôr? | Fiskeribladet