Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Midt i fiskesuppa - på Seafood EXPO i Barcelona

I februar gjekk fiskarar i land for å lære meir om verdikjeda etter at fangsten var tatt ombord.
Fortsetjinga var å følge eksportruta til norsk sjømat ut i verda, nærmare bestemt Barcelona og den spanske marknaden, og for å besøke verdas største sjømatmesse Seafood Expo.

Blue Legasea
1 _14_.jpg

Her kan du lese meir om den første samlinga i prosjektet i februar

Programmet på turen var fullt og bredt. Frå powerpoint om norsk sjømat i den globale marknaden til å lukte og ta på fisken. Vi fekk innsikt i korleis norsk sjømat når fram i den spanske marknaden, og utforska ferskvarediskar hos matvaregiganten El Corte Ingles og Boqueria Market. 

4 _6_.jpg


Frossen sjømat har tradisjonelt hatt liten marknadsdel i Spania. Gjennom besøk til den voksande bedrifta La Sirena, fekk vi sjå og levande forklart potensialet for denne marknaden i Spania og korleis dei integrerer bærekraft i sin forretningsmodell med fokus på transport, emballasje og energiproduksjon. Auka konsum av frossen sjømat i Spania kan auke interessa for import frå Noreg.

Norsk sjømat er viktig i den globale marknaden. Eit sjømatseminar med Innovasjon Norge, Norges Sjømatråd og den Norske Ambassaden som vertskap samla 300 gjester om utfordringar og moglegheiter i globalt fiskeri og oppdrett. At den nyutnemnde fiskeriministeren var tilstades underbygga viktigheita av norsk fisk og sjømat som global eksportvare.

Ein dag på verdas største sjømatmesse der vi utgjorde 15 av dei over 35.000 besøkande ga oss kun ein liten smakebit på det globale sjømatfatet. Vi hadde avtalte besøk på standane til Nordic Wildfish, Stella Polaris, Lerøy Seafood, Optimar, Baader og Leinebris/PHL Seagold der produkt, produktuvikling og utstyr vart presentert – og noko var det også smaksprøver på. Desse verksemdene representerte kun eit lite utval av dei mange norske standane under messa. Norge, norsk sjømat og norsk utstyrsindustri viste godt igjen i hallane.   

IMG_20240423_145617.jpg

Foredling og prosessering av sjømatprodukt i Spania er ikkje ulik den vi ser i Norge. Vi fekk grundige omvisningar både hos Maresmar som har eit utval av sjømatprodukt gjennom sine produksjonslinjer, og FRIME som marknadsfører seg som ‘det bærekraftige tunfiskselskapet’. Deler av produksjonane er automatisert, samstundes er det å skape arbeidsplassar viktig og vi såg at manuelt arbeid i fabrikkane var prioritert.

FRIME.jpg
’Mykje av det vi har lært på denne turen var kjent, men det å sjå og prate med aktørar i andre delar av verdikjeda har forsterka forståinga’’ – Simon Roald Trå, Ramoen

‘Helt om natta – helt om dagen’. For ein fiskar er avreise kl 05.15 null stress. Å oppleve stemninga og utvalget av sjømat på ei av Europas største fiskemarknader, Mercabarna, ein tidleg morgon gjorde inntrykk - trass i at det meste av auksjonsaktiviteten allereie var over. Der var kasser på kasser med norsk sjømat til spanske restauranter og hotell. Med stort sett laks i kassane såg vi store potensial for auka eksport av norsk torsk, sei og pelagisk til den spanske marknaden. Vi fekk vite at spanjolane hadde lært å sei ‘skrei’ så dei er på god veg.

’Samansetninga av deltakarar i Fartøy til marked, på tvers av rederi, fangstmetode og disiplin har ein verdi i seg sjølv. Bygge nettverk, lære av kvarandre og betre forstå kvarandre sine utfordringar. Det var også veldig motiverande å sjå kor stort potensiale det framleis er for norsk sjømat i utlandet, utover det som allereie er etablert og utvikla – og kor viktig mangfoldet i flåtegruppene er for merkevara norsk sjømat. ’’ – Alexander Nygård, Strand Rederi

Fisk og sjømat var også på menyen på dei mange gode restaurantane vi besøkte iløpet av turen. Nye relasjonar, sosialt samhald og mykje latter. 

IMG_20240424_160819.jpg


Krydra med ein kort prat med den splitter nye fiskeriministeren i gangen.

 En stor takk til Innovasjon Norge som har finansiert prosjektet og alle disse som bidrog til et fantastisk program og tur:

Innovasjon Norge i SpaniaNorges Sjømatråd i SpaniaRoyal Norwegian Embassy, 

EnderFEDEPESCAEl Corte InglesBoqueria MarketLa Sirena, 

Nordic WildfishStella PolarisLerøy SeafoodOptimar

Baader, Leinebris/PHL SeagoldMarcabarnaMaresmar,  FRIME

Ramoen, Lerøy Havfisk,  Strand Rederi, Atlantic Longline, Remøy Rederi, Nordic Wildfish