Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Risneset 2050 – eit attraktivt og framtidsretta industriområde

Forprosjektet "Ressursoptimalisering for Risneset industriområde" går mot slutten og det vart markert på Ishavsmuseet Aarvak 6. desember – på same stad som det heile starta i februar tidlegare i år. Aktørane måler framtidsbildet av Risneset som eit grønt og visuelt vakkert industriområde som skaper stoltheit og framtidsretta arbeidsplassar. Prosjektet kjem med fleire forslag til konkrete tiltak, som at overskotsvarme frå ei bedrift kan nyttast av ei anna.

Blue Legasea
IMG-1771.jpg

Risneset industriområde ligg i Hjørungavåg i Hareid kommune. Sentralt plassert til skipsleia og knyt saman havrom og fjord. Spenncon Hjørungavåg, Pelagia Liavåg og Brekke & Kleppe Anlegg er tre godt etablerte bedrifter på industriområdet og viktige hjørnesteinsbedrifter i kommunen.

Samarbeid er essensielt for å lykkast med prosjektet og utover dei tre bedriftene med aktivitet på Risneset deltar Vekst i Hareid, ÅKP/NCE Blue Legasea og Land møter hav, Greenstat/Greensight og Sintef Manufacturing i prosjektkonsortiet.

Prosjektet er tildelt midlar frå Skaparkraft-ordninga til Møre og Romsdal fylkeskommune. Utan denne støtta hadde ikkje prosjektet blitt gjennomført.

– Risneset er eit prosjekt vi ofte tek fram som eit godt eksempel på kva vi ønskjer å oppnå med Skaparkraft - nemleg samarbeid mellom bedrifter og konkrete verdiskapande tiltak som bidreg til reduserte klimagassutslepp, seier Martin Ose prosjektleiar Skaparkraft.

risneset møte.png
Mange møtte opp for å høyre om resultatet frå prosjektet (foto: Julie Sundgot Andersen).

Fisk, betong og stein

Målet for prosjektet er å få til grøn vekst, altså meir verdiskaping og samstundes redusere det samla fotavtrykket. Nøkkelen for å lykkast med det er å ta betre vare på ressursane vi har, og bruke dei på nye måtar.

For å vite kva ressursar vi har tilgjengeleg må desse kartleggast. Vi har gått detaljert til verks og identifisert mengder og transportavstandar for råstoff, innsatsfaktorar, materialstraumar, produkt og avfall for kvar av bedriftene. Klimarekneskap er satt opp både for kvar av bedriftene og industriområdet samla. Innhenta data er analysert og tiltak som reduserer fotavtrykk, sikrar konkurransekraft og legg til rette for ny aktivitet på industriområdet er identifisert.

– Det har overraska oss kva spor vi set igjen etter verksemda vår og vi tek med oss dei konkrete tiltaka vi kan jobbe vidare med for å redusere desse. At vi har så mykje varme som kan komme utvikling av Risneset til gode er positivt, seier Rune Hoddevik i Pelagia Liavåg.

Ragnhild Brekke Teigene og Joar Brekke i Brekke & Kleppe Anlegg understrekar det positive ved at bedriftene har lært kvarandre betre å kjenne og ser at der er synergiar sjølv om bedriftene jobbar i ulike bransjar.

– Vi kunne også nytte prosjektdata i re-sertifiseringa vår i Miljøfyrtårn no i haust, legg Ragnhild til.

 

Samarbeid om resultata

Brekke & Kleppe Anlegg bruker allereie avfall frå Spenncon inn i sin produksjon. Avkapp frå betongproduksjonen blir knust og brukt som fyllmasse. Dette er eit eksempel på industriell symbiose.

– Prosessen og modning frå idé til resultat har vore viktig, seier Katrine Vestbøstad i ÅKP si marine klynge, NCE Blue Legasea.

Ho har leia prosjektet heile vegen, og seier at det er heilt i tråd med den marine klynga sitt fokus på sirkularitet: 

– For oss er sirkularitet eit strategisk målområde. Dette prosjektet er eit eksempel fordi det viser korleis industrielle samarbeid kan skape nye forretningsmodellar og bidra til grøn omstilling.  

Katrine seier at vegen har blitt medan ein har gått: 

– I starten av prosjektet visste vi lite om kva og kvar vi skulle, og på vegen har vi blitt meir bevisst eigen ressursbruk, transportavstandar og at vala vi tar kvar dag betyr noko for omverda. Samarbeidet som er etablert er eit resultat i prosjektet. Vi har generelt mykje å lære av kvarandre, og spesifikt i dette prosjektet har det å snakke saman vore både hyggeleg, nyttig og skapt nye kommersielle moglegheiter.

Areal er ein opplagt ressurs på Risneset. I mange kommunar må ein bygge ned natur for å få til industriareal. På Risneset er det næringsareal tilgjengeleg og god forvaltning vil legge til rette for heilskapleg utvikling av området.

– Prosjektet har peikt på korleis Risneset i samarbeid med bedriftene kan utviklast som industriområde, noko vi i Vekst i Hareid tek med oss i vidare dialog om nyetableringar, seier Julie Sundgot Andersen.

På Risneset er det overskotsvarme frå fryseri som kan dekke varmebehov for eksisterande og ny aktivitet. Det kan skape nye næringar. Kva med veksthus, tørrfiskproduksjon, sjøbad og bryggeri på Risneset?

Kraftsituasjonen er krevjande, ikkje berre på Risneset men i heile regionen. I dag er avgrensingar i kraftsystemet i ferd med å bli ein flaskehals for omstilling og nyetableringar på Risneset. Bruk av overskotsvarme kan avlaste kraftnettet noko. Det er også potensiale for lokal kraftproduksjon både med sol og vind. I tillegg kan fleksibel driftsstyring betre situasjonen i nettet ettersom forbruket varierer mykje avhengig av sild- og makrellsesong, og ny lokal kraftproduksjon også kan variere.

– Billig fornybar energi har lenge vore eit konkurransefortrinn i Norge. Elektrifisering gjer no at dette biletet endrar seg og at energiressursane må forvaltast betre, seier Are Opstad Sæbø i Greenstat.

– Etablering av industrielle symbioser og nye sirkulære verdikjeder skjer sjeldan av seg sjølv. Det krev at bedrifter tenkjer utover eiga verksemd og etablerer nye koplingar og forretningsmodellar, seier Håkon Raabe i Sintef Manufacturing. Investering i overskotsvarmen på Risneset er eit eksempel som prosjektanalysane viser kan ha ein positiv noverdi for Spenncon, og som også kan skape nye inntektsstraumar for Pelagia ved å selje varmen.

 

Læring og deling

Læring og deling av kunnskap står høgt på agendaen i prosjektet som skal gi auka industrikompetanse på grøn vekst, sirkularitet og industrielle symbiosar på tvers av bransjar i blå og grøn sektor.

– Vi meiner at det vi har vore med på og lært i dette prosjektet er interessant for andre verksemder å høyre på, og derfor inviterer vi tilbake til Ishavsmuseet Aarvak for at fleire skal bli inspirert, seier Hans Røyset i Spenncon.

 

Faktaboks ‘Forprosjekt – Ressursoptimalisering for Risneset industriområde’

  • Forprosjekt med mål om å auka samhandling og optimalisere bruk av ressursar og materialstraumar for heilskapleg utvikling av industriområdet.
  • Konsortiet består av Spenncon (prosjekteigar), Pelagia Liavåg, Brekke & Kleppe Anlegg, Vekst i Hareid, Sintef Manufacturing, Greenstat/Greensight, og ÅKP ved NCE Blue Legasea og Land møter hav (prosjektleiar).
  • Forprosjektet har kartlagt ressurs- og materialstraumar for verksemdene på industriområdet (Mepex utførande), utarbeidd tekno-økonomisk analyse av eit utval av ressursar og oppsummert vegkart mot nullutslepp (Greenstat ved Greensight utførande).
  • Fylkeskommunen finansierer 50% av prosjektet, inntil 850.000,- kroner.
  • Forprosjektet avsluttast i 2023.

 

SPØRSMÅL? Kontakt prosjektleiar i NCE Blue Legasea: Katrine Vestbøstad: 916 07 158.

Du finn bilda i høg oppløysing på ÅKP sin Flickrkonto.