Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Ny podcast - Møt Vesteraalens og Calanus!

​Historia om Norge er ei forteljing om havet, og no skriv vi neste kapittel. «Lys i alle hus» er ein podkast som fortel dei gode historiene om jobben som vert gjort for å skape levande samfunn i Noreg. I vår nyeste episode av podcasten får du bli bedre kjent med dei to bedriftene Vesteraalens og Calanus.

Blue Legasea
Episode-4.png

Vesteraalens

For over 100 år sidan tok polarhelten Roald Amundsen med seg fiskemat ifrå Vesteraalens gjennom Nordaustpassasjen, no tek tilsette den med til Kina.

- Nye måtar å handle varer på gjer ein liten plass ute ved havet meir sentralt enn nokon gong, meiner sal og marknadsdirektør i Vesteraalens Eirik Nikolaisen.

- Verda har blitt mindre. Når du sel og marknadsfører produkta dine på nettet, har det ingenting å seie kor du er plassert. Det er ingen fordel å sete i New York. Vi er plassert i eit område med unike ressursar, vakker natur og ei god historie. Det er vårt viktigaste konkurransefortrinn i verda i dag. Dette vil akselerere, seier han.

Historia om Vesteraalens fiskebollar og norsk sjømat vart for kort tid sidan sendt via ein live-stream til millionar av menneskjer i Kina. No får du høyre historia om Vesteraalens i podkasten «Lys i alle hus».

Calanus

I denne podkasten møter du også grunder Gunnar Rørstad i Calanus med hovudsete i Tromsø. Dei bygg no verdas første raudåtefabrikk på Sortland i Vesterålen. Det har tatt nesten 20 år å kome i gang med bygginga, men no har myndigheitene laga ein forvaltningsplan for raudåte. Rørstad trur vi er i starten av i ny biomarin næring med eit veldig stort potensial.

- Eg trur dette blir ein stor industri i Noreg. Vi er der oppdrettsnæringa var tidleg på 80-talet. Vi har i dag to hovud-verdikjeder i norsk sjømatnæring. Den eine er tradisjonelt fiskeri, og den andre er oppdrett – då i hovudsak laks. Så kjem denne biomarine industrien opp som ei ny verdikjede, som kjem til å styrke dei to eksisterande.

Høyr podcasten

Vil du høyre meir om Gunnar Rørstad si satsing på raudåte, eller korleis Eirik Nikolaisen trur Kina kan bli viktig for vidare vekst for Vesteraalens, så høyr podkasten «Lys i alle hus» under her. 

Podcasten er tilgjengelig på Anchor, Spotify, Apple Podcasts.

Anbefalt nettleser er Chrome eller Safari. (Brukere av nettleser Microsoft Edge kan oppleve problemer med å åpne podcasten).

Om Lys i alle hus:

Podcasten er produsert av Doxacom i samarbeid med innovasjonsselskapet ÅKP og klyngene GCE Blue Maritime og NCE Blue Legasea. Rådgiver og samfunnskontakt i Doxacom Jannicke Farstad står for produksjon og regi. Gjennom podcasten møter vi mennesker på jobb langs hele kysten, og du får høre om verdiskapingen som skjer her.