Deler ut 9,8 mill. til forsking
Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal har innvilga 9,8 mill. kroner til forskingsbasert innovasjon. Et av selskapa som får støtte er oppdrettsselskapet Pure Norwegian Seafood som vil ta i bruk medisinsk forsking frå menneske til å studere fiskehelse.
Skal forske på fiskehelse
Dei fem siste åra har det vore ein auke i talet på oppdrettslaks som dør på grunn av hjartesjukdomen cardiomyopatisyndrom (CMS). Sjukdommen finst i anlegg langs heile Norskekysten, men utbrotta varierer blant dei ulike fiskeoppdrettarane.
Matfiskprodusenten Pure Norwegian Seafood, som held til på Averøya, skil seg positivt ut ved at dei ikkje har hatt CMS utbrot på over to år. Selskapet produserer laks som oppfyller krava til kvalitetsmerket «Label Rouge» og kan dokumentere god fiskehelse og låg dødelegheit.
-Vi veit at fiskefôret speler ei viktig rolle, men nøyaktig korleis dette påverkar hjarte- og sirkulasjonshelsa til fisken er mindre kjent, seier forretningsutvikler Anders Marthinussen.
For å forstå meir av fiskens hjartehelse, skal ein i dette prosjektet ta i bruk den siste kunnskapen frå medisinsk forsking på hjartelidingar hos menneske. Med seg på laget har dei forskarar frå Møreforsking Ålesund og NTNU. Åkerblå AS er samarbeidspart.
-Skal vi få til lønnsam vekst i oppdrettsnæringa, må vi vite meir om fiskehelse. Vi håpar derfor at ved å kople kunnskap, personell og infrastruktur frå den medisinske forskinga, vil vi kunne forstå meir av bakgrunnsmekanismane for CMS utbrot, seier Marthinussen.
Vil styrke biomarin forsking
-Prosjektet vil i seg sjølve ha stor vitskapleg verdi. Det unike er at vi tek i bruk State-of-the-art forsking frå menneskje til å studere fiskehjarte, seier Svein Erik Gaustad i Møreforsking.
-Vi håpar dette prosjektet vil bidra til å bygge opp eit biomarint forskingsmiljø på Nordmøre og Møre og Romsdal, og at aktivitetane i prosjektet kan motivere bedriftene i regionen til auka samarbeid om forsking og utvikling, seier Gaustad.
Femten prosjekt fikk kvalifiseringsstøtte
-Vi har fått inn mange gode søknadar til framtidsretta marin forsking, seier styreleiar Bergljot Landstad. Blant dei femten søknadene som fekk innvilga støtte er:
- Epax - Makrellolje for en optimal hudfunksjon. FOU partner Møreforsking Ålesund. Innvilga støtte kr 700 000
- Pure Norwegian Seafood - Hjertehelse hos laksefisk og mennesker. FOU partner Møreforsking Ålesund. Innvilga støtte kr 500 000
- C Food Norway - Utvikling av nye produkter fra svømmeblærer. FOU partner Møreforsking Ålesund. Innvilga støtte kr 700 000
- Nordi Ocean - Fryselagring for å øke holdbarheten og ivareta kvalitet av havsalat. FOU partner Møreforsking Ålesund. Innvilga støtte kr 700 000
- Norsøk - Enklere, billigere og automatiserte fjøsløsninger i melkeproduksjonen. FOU partner NORSØK. Innvilga støtte kr 700 000
- Tau Tech - Utnyttelse og anvendelse av av restråstoff fra haneskjel. FOU partner SINTEF Ålesund. Innvilga støtte kr 700 000
- Møreforsking - SensAlgae: Iodine-reduced sugar kelp as safe, flavorful and nutritious. FOU partner Møreforsking Ålesund. Innvilga støtte kr 700 000
- Sintef Ålesund - Bunnkartlegging for presisjonsfiske av haneskjell. FOU partner SINTEF Ålesund. Innvilga støtte kr 700
- ScanProd - Bærekraftig utnyttelse av salt i klippfiskindustrien. FOU partner Sintef Ocean. Innvilga støtte kr 700 000
- GreenShore - Næringsinnhold og patogenanalyse av dødfisk.FOU partner NOFIMA. Innvilga støtte kr 700 000