Klinisk Forskningspost Helse M&R åpnet
Vi gratulerer med viktig satsning som også vil hjelpe biomarin næring til økt verdiskapning!
Fagansvarlig og leder , overlege Dag Arne Lihaug Hoff forklarer:
"Klinisk Forskningspost er ei unik etablering for eit helseføretak av vår storleik, truleg det einaste i sitt slag i Norge utanfor universitetssjukehusa. Vi skal vere ein tydeleg forskingsaktør for pasienten.
Klinisk forskingspost er ein resurs for forsking, ein infrastruktur. Vi skal vere ein resurs for forskaren, skape den gode flyt i forskingsprosjektet for pasienten. Helse femnar breitt – både førebygging og behandling er vår agenda. Vi ynskjer at vår forsking skal gje ny kunnskap til beste nytte for pasienten og samfunnet – både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Innovativ forsking t.d. kring marine helseeffektar eller helsepåstandar må grunngjevast, ein må kunne vise til kunnskap bygd opp på ein vitskapleg måte. Vi skal vere ein aktiv aktør i utvikling av «Marine for health» i det å utforme og gjennomføre kliniske studiar om marine næringsstoff og helse.
Samarbeid lokalt er viktig – nettverk er viktig for å kunne levere gode tenester difor etablerer vi tydlegare relasjonar til lokale forsking og utviklingsmiljø/-institusjonar med næringslivsaktørar i «Marine for health» , Møreforsking, NTNU_Ålesund og kommunesektor. Vi er også ein tydeleg del av Helse Midt Norge. Nasjonalt har vi m.a. etablert nettverk til leiande miljø innan tarm- og ernæringsforsking i Norge og dette impliserer også internasjonale relasjonar. Vi meinar at samarbeid er ein styrke for evna til å utføre det ein planlegg. Tilslutt nemner eg samarbeidet vi har med Firmenich Bjørge Biomarine AS, Haukeland Universitetssjukehus og Universitet i Bergen kring det innovative forskingsprosjektet om marint peptid og mogleg helseeffekt hjå eldre personar – med eit spesielt fokus implikasjonar muskel- og tarmhelse. Dette er eit særs viktig prosjekt, støtta av Norsk Forskingsråd, og som vil gje ny kunnskap om eldre si muskelhelse og marine råstoff, eit grunnlag for god pasient behandling og nytting samfunnsutvikling. "