Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Medlemmene våre skaper begeistring på forskningsdagene i Ålesund

Forskingsfestivalen har nettopp vore i Ålesund og skapt entusiasme blant elever. Les meir om kvifor her, ført i pennen av klyngas eigen prosjektassistent Sandra Kyrkjebø.

Blue Legasea
Sandra_havkikkert_hei.jpeg

Fotograf: Maren Haanshuus Mikkelsen

Siste fredagskveld i september var siste dag av forskningsdagene, ein festival for å skape entusiasme for forskning. Denne kvelden var det Researcher's night for vgs- og ungdomsskuleelevar hos Atlanterhavsparken. Blant anna Helse Møre og Romsdal HF, Marint Kompetansesenter, Møreforsking, NTNU i Ålesund og Atlanterhavsparken viste fram sin forskning gjennom ulike aktivitetar. Ikkje berre var kvelden stjernespekka med klyngemedlemmer, men vgs-elevar frå forskerlinja på Spjelkavik vgs og masterstudent Magnus Renaa viste fram sine forskingsprosjekt. På programmet stod taresmaking, iskremlaging, blodtypetesting, tårnbygging, IBS-forsking, Blue-bots-konkurranse, undervanns-ROV, undersøking av mikroplast i fiskegjeller og mykje anna spennande.

opningsshow_crop.jpeg

Pangstart for Researcher's night i atlanterhavstanken! Fotograf: Sandra Kyrkjebø

Opningsperemonien var spektakulær og fylt med fleire kule eksperiment, der elevane stod som sild i tønne og nokre fekk delta i eksperimenta. Etter showet spreidde elevane seg ut til alle kantar av Atlanterhavsparken for å besøke aktivitetane og utstillingane. Det var stor pågang overalt og elevane flokka seg rundt kvar aktivitet. Eg såg meg nødt til å vente til litt ut på kvelden for å få snakka med alle deltakarane.

Atlanterhavsparken_SigbjørnAntonLerstad.jpeg

Eg slo av ein prat med teknisk sjef for Atlanterhavsparken, Sigbjørn Anton Lerstad. Fotograf: Maren Haanshuus Mikkelsen.

"Verkeleg imponerande oppmøte for ein fredagskveld" Anton seier at det kjekt at såpass mange vgs- og ungdomsskuleelevar møter opp seint ein fredag heilt frivillig. Det er ikkje vanskeleg å forstå at arrangementet freista, da forskingsdagane hadde så mange interessante prosjekt å lokke med. På kjøkkenet hos Anton i Atlanterhavsparken får elevane lage sin eigen is og sine eigne godteridrops, og får lære litt om fysikk og kjemi i prosessen. Det seier noko om engasjementet for forsking og innovasjon blant dei yngre i regionen. Anton synst det er utruleg kjekt å sjå engasjementet for kvelden. Han fortel også at forskingsdagane arrangerast over heile verda, så opplegget her i Ålesund er ein del av eit større  internasjonalt program.

MarintKomp_Linda3.jpeg

Linda Tomren, kurskoordinator i Marint Kompetansesenter var oppglødd av entusiasmen til elevane. Fotograf: Maren Haanhuus Mikkelsen

Linda fortel at dagen så langt har vore kjempekjekk, og ho skulle ønske ho kunne ha vore overalt på atlanterhavsparken på denne spennende dagen. Framfor utstillinga "Holmer og skjær" hadde dei rigga til med VR-utstyr for å la elevane få prøve seg på å styre ein virtuell båt inn mot Brosundet. Eg venta tolmodig til siste elev var ferdig, så både eg og fotograf Maren fekk prøve oss. 

vr_farger.jpeg

Som relativt ferske skipsførarar gjekk det fort i svingane for oss begge. Fotograf: Maren Haansuus Mikkelsen


taresandra.jpeg

Atlanterhavsparken serverte sukkertarechips, som skribent ikkje var fremmed for å prøve. Fotograf: Maren Haanshuus Mikkelsen

Vi blei mottekne med smil hos Møreforsking sitt bord, der elevane skulle lukte og gjette på seks ulike boksar med ulike proteinkjelder. Linn og Mira frå Møreforsking fortel at det var vore mange entusiastiske elevar innom dei for å lukte og gjette på dei ulike produkta. Fleire har også gjetta heilt riktig. Blant produkta var krill, erter, bønner, makroalger, sildemelke og fiskeslam. Dei fortel at nokre av elevane som har vore innom ønsker å bli forskarar ein dag! 

moreforsk_plis.jpeg

Linn Kristin Akslen-Hoel og Miroslava Atanassova frå Møreforsking i full sving under Researcher's night i Atlanterhavsparken. Fotograf: Maren Haanshuus Mikkelsen.

Det var ein gira, inspirert og sikkert litt sliten gjeng vidaregåandeelevar som forlot Researcher's night da kvelden tok slutt kl.21.30. Kvelden gav nok mange inntrykk, og det er liten tvil om at forskingsdagane kan har vore med på å motivere neste generasjons forskerspirer.