Go to aakp.no
A PROGRAM IN

Risneset 2050 – Eit attraktivt og framtidsretta industriområde

Møte ‘Forprosjekt – Ressursoptimalisering for Risneset industriområde’ går mot slutten. Prosjektet fekk i juni 2023 tildelt støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Skaparkraft-ordninga Grøne industrielle løft. Risneset industriområde ligg i Hjørungavåg, i Hareid kommune. Industriområdet har i dag 3 veletablerte verksemder; Spenncon, Pelagia Liavåg og Brekke og Kleppe Anlegg.

Organizer: Prosjektkonsortiet
Date:
Place: Ishavsmuseet Aarvak, 6062 Brandal
Illustrasjonsbilde fabrikkledelse Marint Kompetansesenter web.jpg

Prosjektkonsortiet

Prosjektkonsortiet inkluderer Spenncon, Pelagia, Brekke og Kleppe Anlegg, Vekst i Hareid, Greenstat/Greensight, Sintef Manufacturing og ÅKP/NCE Blue Legasea. Vi har undra oss over kva fisk, betong og stein kan ha til felles.

Det har vore ein lærerik og inspirerande prosess som har gitt nye vinklingar på kva vi kan få til på industriområdet ved å samhandle, vere nysgjerrige og modige. Dette vil vi feire og dele med fleire og inviterer breitt, både dei som på ulikt vis har deltatt i prosjektet og andre som vi gjerne vil involvere.

I møtet vil vi:

  • Fortelje om prosjektet og kva vi har gjort og lært
  • Legge fram funn og resultat i prosjektet
  • Dialog om vegen vidare

Påmelding

Ta kontakt med prosjektleiar Katrine Vestbøstad på katrine.vestbostad@legasea.no dersom du ynskjer å delta på arrangementet.